onsdag 3. juni 2015



ROALD SUNDAL

"Kva eg har lært ved å prøva å arbeida som kunstnar? Ta vare på alt, alle ledd i prosessen er viktig. Kunst er som ein familie, med alle personligheitane, alt det ubehagelege, alle avskyggingane." -Roald Sundal 2015

Roald Sundal er ikkje av den snakkesalige typen, spesielt ikkje når det kjem til det personlege. Eg seier til han: Eg må ha eit bilete av deg, ikkje berre av det du fotograferer. (Mumling på telefonen). Eg seier: "Dette er ein gyllen sjanse, Roald. I Vil Vaka står me fleire saman om å profilera oss, og me kjem aldri til å klara det på eiga hand." Og han er einig. Me klarar det ikkje åleine.
Her er Roald:



                                                                            Foto: Randi Elin Glesnes




Roald Sundal er født i 1964. Han vaks opp på Tysnes som yngst av sju søsken. I det daglege arbeider han i Wärtsila på Stord. Han er gift og far til tre.

Han byrja å fotografera då han var 22 og sidan har foto vore ein lidenskap. Han har delteke ved ulike workshops, utstillingar og internasjonale fotofestivalar. Under ein slik festival ("Les Recontres de la Photographie", Arles i Frankrike) vart han teken opp som medlem i fotobyrået Millennium Images. Gjennom dette byrået har han mellom anna hatt ein sju-siders reportasje med foto presentert i det anerkjente britiske foto-tidsskriftet "Black and White Photography". Han har og hatt foto på trykk i det tyske magasinet "Der Spiegel".






I Stord fotoklubb er han aktiv og for tida er han med i leiargruppa. Han er og med i fotogruppa Photopolet. På bloggen Obsfoto http://obsfoto.posthaven.com/ skriv og reflekterer han rundt temaet fotografi og spør seg om kvifor me eigentleg fotograferer. Roald er også oppteken av det me kan kalla kvardagsbileter. Snapshots me tek i det daglege, som også kan vera kunst.






Over eit par års tid har Roald og Cecilie hatt ein dialog om kva kunst er eller kan vera. Dei har kome fram til at å forsøka seg på kunst er lov for alle, og at det vil visa seg i etterkant om forsøket var vellukka.

Etter innspel frå Cecilie har Roald friviljug og motviljug på ein gong gjort alt frå å riva bileter til å legga dei ut i snøen, til å mala på dei.










..og no sist lagt bilete tekne i skogen ut att i naturen der dei kjem frå. Det er desse bileta Roald viser på Vil Vaka-utstillinga "Utgjerde. Landskap." Eine halvdelen av bileta har ver og vind fått herja med på eigahand. Andre halvdelen blei lagt ned i eit hjortehol, der printa fekk ein naturleg toning.





Han presiserer at han føler han beveger seg i ukjent terreng og at det har vore ubehageleg å tenka på å legga ut dei fine dyre printa i skogen, men at det kjennes greit når det først eg gjort. "Då kan eg gå vidare", seier han. Men han kjenner på at fallhøgda er stor, at han er redd for at utstillinga ikkje skal verta vellukka.

Kontakten med Cecilie ser han på som ein danningsprosess der grensene hans har vorte pressa og forserte. "Før hadde eg ein måte å gjera det på, no har eg to. Men denne nye måten passar ikkje nødvendigvis på andre prosjekt." Poenget, er dei einige om, er at rommet han arbeider i har vorte utvida, med fleire verkty og ikkje minst med mogligheit for oppdaging av enno fleire verkty i framtida.

Vil Vaka-Utstillingen "Utgjerde. Landskap" opnar fre 19.06.15 i Galleri Losjen, Fitjar kl 18:00 (Musikk v/Miniforetaket. Fri entré.)

"Eg las ein gong at fotografiet er eit utstnitt av røyndommen, eit lite fryst punkt med fortid. Dette var lenge sidan, og i dag pustar skogen med langsame djupe andedrag, svakt og nesten uhøyrleg." -Roald Sundal 2015

Cecilie Anna
Bakgrunnsintervju: Bodil

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar