torsdag 18. juni 2015

CECILIE ANNA RØNHOVDE


Å skriva musikk er som å laga ein båt. Du treng god material, og du må bygga han godt. Elles vil han aldri nå ut i verda.

Cecilie tar overstrøymde i mot meg. «Me må ta bildene i hagen» lèt det, medan ho trør oppi dei største gummistøvlane i huset.




Cecilie og musikken har vakse opp i lag. Det var piano og fløyte-øvingar frå ho var fem. Det viste seg etterkvart at femåringen hadde absolutt gehør, og det er ei sjeldan gåve.
Men det er ein lang vei frå musikkøvingar som lita jente, til eigenkomponerte songar med Familiefortaket. Bandet byrja leva i 2012 og dei involverte er no Lars Håvard Birkenes(trommer), Knut Heggdal(bass), Endre Olsen(vokal og gitar), Vidar Vedå(vokal og gitar) og Cecilie(vokal og tangent). Som soloartist er ho Cecile Anna.
Gisle Østrem må og nemnast. Han har vore viktig for Familieforetaket og Cecile Anna. Alle lydopptak som er gjort har han stått for. Alt i alt er det ein fantastisk gjeng, seier ho.




Cecile lagar musikken til Familieforetaket, men alle i bandet bidreg når songar skal arrangerast.
Ho fortel:  

Eg kom til å tenka på dette med å bygga ein båt. Mitt treverk er kjensler og opplevingar. Inntrykk frå natur, frå folk, dyr, filmar, kvardagane, høgtidsdagane, alt dette. Å oppleva korleis alt er likt, og samstundes ulikt: Korleis den vesle fuglen er lik den store samstundes som den ikkje er lik. Korleis eit barn er likt ein vaksen, lik ei pil framover i tid. Kva som sit igjen av barnet i ein vaksen, lik ei pil bakover i tid. Korleis trea gror, korleis trea gror i skogen, korleis dei står og susar, stille, mens me ligg i sengene våre, mens me er på juletrefest, mens me hentar nokon som skal sitja på med oss, mens me sit ved datamaskinane våre, mens me kjeftar på kvarandre eller gjev kvarandre ein klem; trea står i skogen. 



Folk spør meg: Korleis lagar du songane dine? Men korleis samanfattar eg all denne inspirasjonen, denne som berre fortset: Alt det livet som finns i skogen. Dei små fuglane. Dei større fuglane. Krypdyra, slevene, mysene, alt som lever under barken, alt som lever i tretoppane. Alt dette er med i songane mine i eit levande drag. Men også byane, bilane, menneska, luktene, lydane, denne pulsen av varme i eit fjernt kvartal ein stad, der ei dame med blågrått hår stoppar opp og skal over vegen, og ein mann står ved sidan av ho. Dei elskar kvarandre ikkje lenger. Også dette. Og fjordane, med livet rundt. Dei handfaste, stålfarga eldgamle fjordane der folk har budd og slete i fleire tusen år. Korleis kan eg forklara alt, og dette med stemmene som kjem til meg? Ikkje slike sjukelege stemmer, ikkje slike som fortel i hovuda på folk, men stemmene til nokon som har sunge på ein måte eg ikkje kan gløyma. Desse stemmene blir verande, dei heng i kroppen og i sinnet og slepp ikkje taket, somme tider ikkje før eg har laga dei ein song. Slik er det. Eg er eit utkikkspunkt, ein sentral der inntrykk og kjensler blir omforma. Kanskje heiter det katalysator, kanskje kan eg kallast ein omformingsstasjon. Og det er lett å gløyma at ikkje alle har det slik. Eg gløymer det heile tida. Det er som om nokon skulle spørja: Kvifor ler me? Det er det same. Du døyr om du ikkje pustar. Eg døyr ikkje om eg ikkje lagar songar, men som med latteren blir livet taust og mørkt utan.

Songen Out in a tree handlar om å klatra i trer. Den handlar også om å gje rom til kvarandre, og til seg sjølv, seier ho. Somme tider hadde me hatt godt av å koma tilbake til dette rommet frå barndommen. Det lyser stille.

“Don't let your thoughts bring you down
you have the sun on your face
and outside there's childrens play
you wonder where goes our grace
remember how it felt to climb
and leave the earth for a while
love your hands and your feet
like strangers on a train
like strangers on a train”



Det å skriva musikk er ein samansett prosess, ein miks av det du har kontroll på og ikkje kontroll på, fortel Cecilie. Dragning mot det mørke bryt mot de lyse, fragmenter og inntrykk samlar seg og formar songar. Men det viktigaste er å ha tolmod, songane må modnast for å falla på plass.

Å reagera sterkt på vonde inntrykk kan og vera med å skapa songar, til dømes handlar "Dance" om mishandling av dyr. Eg skriv om slike ting og, seier Cecilie. Det er då som å leggja det vonde igjen i songen. Den er veldig tung, men det finns og håp i den. Ei oppmoding om å tenka seg om, og ta vare på naturen.

“Dance
You'll have the coming of the season
Where every man is left alone
You'll feel the distance
when every common man is gone
And you'll begin to feel the difference
between your rights and wrongs
It's in your clay, man
Work it harder”


Kva framtidsplanar har du, Cecilie?


I sommar skal Familieforetaket i studio hos Gisle Østrem og spela inn plate. Det blir spanande! Elles er livet stort sett fint. Om du spør meg om draumane mine så er dei større og fleire. Å reisa på turne med bandet er definitivt ein av dei. At stemmene eg har skrive songar til skal synga dei, er ein annan, og denne draumen er jo langt på veg realisert med songane Vidar og Endre syng, og kameraten min Trond. No gjenstår berre Tom Waits og Bill Callahan og Will Oldham og Michael Chapman og Bruce Springsteen og Joe Henry og nokre til. Dei kan jo få tilbodet, avsluttar Cecilie med eit smil.




Roald Sundal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar